Helsefagarbeidar- bemanningssenter [Norway]
Butiltak for funksjonshemma avd Åsvegen bueining og Stemhaugen bueining ligg i Sveio sentrum. Avdelingane er beståande av døgnbemanna bustadar for psykisk utviklingshemma, med samansette behovsutfordringar. Sveio kommune jobbar etter LEAN prinsippet. Dette hjelper oss med å halde gode rutiner, være nytenkande og strukturerte i arbeidskvardagen vår. Me har fokus på at brukerane skal ha gode omsorgstenester. Me tek godt imot nye tilsette. Du får god opplæring, og me er opptatt av at du skal føle deg trygg på arbeidsplassen. Butiltaket er organisert under resultateining Habilitering. Me har nå ledig fast stilling på 100% i bemanningssenter. Turnus med 14 timar vakter, og arbeid kvar 4.helg.
Me har bemanningssenter som dekker ulike fråvær ved begge avdelingane som ligg i gangavstand frå kvarandre. I denne stillinga har ein fast turnus, men det vil variere kvar ein skal utøve arbeidsoppgåvene ut frå kvar behovet er på aktuell dag og vakt. Likar du variasjon i arbeidskvardagen din, forhalde deg til fleire brukerar med ulike behov, så kan denne stillinga vere noko for deg. Du vil få mange flotte kollegaer ved begge avdelingane som er med på å legge til rette for at du skal kunne overta oppgåver på kort varsel.
30.05.2023
Sveio kommune
Sveio
Helsefagarbeider- bemanningssenter
1
Heiltid
Fast
100
4663338027
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver som for tida er lagt til stillinga, er dagleg oppfølging av fleire brukerar
- Yte daglege helse- og omsorgstenestar til våre brukerar, som til dømes personleg stell, medikamenthandtering, fysisk støtte og tilrettelegging, husarbeid og følge på daglege aktivitetar
- Delta i tverrfagleg samarbeid og bidra til fag- og kvalitetsutvikling i avdelinga
- Medanansvar for fag- og kvalitetsutvikling i avdelinga
- Me er ein dynamisk tenesteytar i kontinuerleg endring. Arbeidsoppgåvene vil kunne bli endra, etter som vi ser nye og betre løysingar for den einskilde bebuar og generelt på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Helsefagarbeidar
- Erfaring og kompetanse frå liknande arbeid vil bli vektlagt, om der er søkjerar med tilsvarande utdanning
- Tilsetjing i stillinga krev tilfredsstillande politiattest i henhald til lovverk
- Kjennskap til IKT verktøy. Me nyttar blant anna Acos Omsorg
Personlege eigenskapar
- Me legg vekt på at du evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver.
- Lærer av det som er prøvd og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer
- Fagleg engasjert og oppdatert, med ynskje om å halde seg oppdatert
- Evne til å gje og ta i mot rettleiing
- Du må kunna jobbe sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og konstruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande
- Evne til å arbeide målretta og systematisk
Vi tilbyr
- Ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakar
- Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
-
God pensjonsordning gjennom KLP – frå løna blir det trekt 2 %
Kontaktinformasjon
Komentar
Posting Komentar